16. nov
HEIMSTADDIKTING: Vidar Pettersens dikt har fått Eli Helgheim til å bli mer glad i Eidsvoll.
 
Det starta på Dal stasjon
Kva er det med «3-grepspoeten» Vidar Pettersen som har blitt slik ein folkekjær forfattar og fotograf?

Publisert: 30.sep.2017 17:00
Oppdatert: 29.sep.2017 11:57

Mange har følgt han på Facebook, og andre har høyrt han lese eigne tekstar, men no har han også kome med boka Første grep i dikt og bilder. Og denne måtte eg kjøpe for å kome nærmare denne mannen. Og etter å ha lese den, kan eg i alle fall anbefale den for alle som bur i Eidsvoll. Og ikkje minst tenker eg på eit par viktige herrar som i sommmar stod fram i EUB og offentleg skamma seg over å vise fram Dal stasjon, då sommartoget til NRK skulle går forbi der.

Dette er inga bokmelding, og det trur eg heller ikkje den lite sjølvhøgtidlege 3-grepspoeten heilt forventar seg. Eg kjem berre med nokre viktige fabuleringar rundt desse tekstane. Dikta i boka handlar om det å være menneske, om å feile og falle og likevel gå vidare, om dei i bygda som ikkje er heilt A4, om kjærleik til foreldre og til egne barn. Og ikkje minst skriv han om den kvinna han no har møtt, som også har blitt hans muse. For heile boka renn over av omsorg og kjærleik til folk og fe og heile bygda. Og viss dette var ei bokmelding, kunne eg kalla mange av tekstane for «heimstaddiktning». Kjærleiken til bygda kjem direkte til uttrykk i diktet «Eidsvoll mitt liv», mens det kjem meir indirekte til uttrykk i andre tekstar. Og det er eit par av desse tekstane eg vil stanse ved. I diktet «Nede», illustrert av eit vakkert foto av eit gammalt og folketomt hus (før du kjem ned til Hundsebittet), skriv han om korleis han kan «falle», som huset – og slik gjev han huset ein ny glans. Og dette gjer han også i diktet «Bensinstasjonen», der jenta blei borte – og i diktet om statua ved Gamlebrua, «Den knelende soldat», som er eit av mine favorittar. Men tilbake til Dal stasjon. For det var her det med den grenselause kjærleiken starta for Pettersen. I diktet «Starten», som kanskje burde heite «Dal stasjon», fortel han om korleis han stod og fraus mens han skreiv ei melding ut i den kalde natta og fekk eit varmt svar av ho som har blitt hans store kjærleik. Og diktet har eit fint fotografi av stasjonen i nattemørket. I jakta på kjærleiken langs regnbogen kan skattekista være her for fleire enn Pettersen.

Eg kjem ikkje frå Eidsvoll, men etter å ha lese desse tekstane, får dei ulike plassane ein ny glans, og eg blir litt meir glad i bygda – og det er ikkje så dumt? Det er ein litt annan måte å få fram stoltheit på enn å skamme seg over eit hus ved Dal stasjon som ikkje har fått den omsorga det fortener. Slikt kan skje med kvar og ein av oss. I staden for å la skamkjensla få gro, bør ein la Pettersen få ordet – han ville fått den mismodige kafeen til å skine.

 
Telefon: 63 92 27 00 // Tips oss: Skjema »
Ansvarlig redaktør (konst.):Vegard Storbråten Øye »
EUB har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
EUB bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
 
Løsningen er designet og utviklet av Hamar Media – www.hamarmedia.no