25. sep
Illustrasjonsfoto
 
Har Frp ingen grenser for kor dyr bensinen kan vera?
Norge er eit land der me treng bilen. Landet er langt og mange stader er det ikkje noko alternativ til bilen.

Publisert: 18.aug.2018 12:00
Oppdatert: 17.aug.2018 12:48

Drivstoffprisane i Norge er no rekordhøge. Det er det to grunnar til: Oljeprisen er stigande og avgiftsnivået er auka kraftig medan Siv Jensen frå FrP har vore finansminister.

Hausten 2017 auka regjeringa bensinavgiftene med 19 øre og dieselprisen med 44 øre. Statsminister Erna Solberg skrøyt av at H og FrP hadde auka avgiftene meir på eit år enn den raudgrønne regjeringa gjorde på 8 år.

Redusera utsleppa

Sjølvsagt skal me gjera ein innsats for å redusera utsleppa av klimagassar. Det er likevel naivt å tru at 50 øre eller 1 krone per liter bensin eller diesel er det som avgjer kor mykje me brukar bilen.

Reversera auken

Senterpartiet foreslo difor i sitt alternativ til revidert statsbudsjett å reversera den kraftige auken i avgifta som FrP i regjering gjorde framlegg om og som stortingsgruppa til FrP stemte for i Stortinget.

Høg pumpepris

Det verkar ikkje som om regjeringa av H, FrP og V har nokon grense for kor høg pumpepris på drivstoff dei kan godta. I tillegg har me aldri betalt meir i bompengar enn no. Sjølv om FrP no køyrer regjeringsbil med privatsjåfør så er det synd at dei har gløymd at særs mange i Norge ikkje kan ta trikken til jobben.

 
Telefon: 63 92 27 00 // Tips oss: Skjema »
Ansvarlig redaktør (konst.):Vegard Storbråten Øye »
EUB har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
EUB bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
 
Løsningen er designet og utviklet av Hamar Media – www.hamarmedia.no