13. nov
BOMPENGER: Angrep er som kjent det beste forsvar, skriver Ivar Odnes, samferdselspolitisk talsperson for Sp. Illustrasjonsfoto
 
Solvik Olsens mjølkekrise
Samferdselsministar Ketil Solvik Olsen angrip Senterpartiet i lesarbrevsform rundt om i landets aviser for at Senterpartiet mjølkar bilistane for avgifter og bompengar.

Publisert: 21.aug.2018 09:00
Oppdatert: 20.aug.2018 13:27

Ja det kom jammen frå rett kjeft!

Solvik Olsen set nå nye rekordar for kvar dag i bompengeinnkrevjing og bensinprisen har aldri vore så høg som no.

REKORDTALA FOR SISTE ÅR

La oss berre sjå på rekordtala for siste år. For 2017 passerte bompengeinnkrevjinga 10,2 milliardar kr og i år vil det nærme seg 11 milliardar kr!

Vi har altså ein samferdselsministar frå FrP som har gått til val på at når dei kom i regjering skulle alle bomstasjonar bort. Det er same Solvik Olsen som nå set nye bompengerekordar kvar dag.

DET BESTE FORSVAR

Angrep er som kjent det beste forsvar. Derfor prøvar Solvik Olsen å underslå kva dei faktisk gjer, ved å angripe Senterpartiet med billig retorikk om at det er vi i Senterpartiet som mjølkar bilistane.

Når skal samferdselsministaren innrømme at han og FrP ikkje har som intensjon å fjerne bompengane, men at dei vil fortsetja å mjølke bilistane?

Eller kan vi forvente at han og regjeringa ikkje kjem til å legge fram nokon nye bompengeprosjekt til behandling i Stortinget i komande år, men heller finansiere vegutbygging på anna måte?

 
Telefon: 63 92 27 00 // Tips oss: Skjema »
Ansvarlig redaktør (konst.):Vegard Storbråten Øye »
EUB har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
EUB bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
 
Løsningen er designet og utviklet av Hamar Media – www.hamarmedia.no