22. nov
 
Ungdommen er taparen når gardsbruka blir dyrare
MENINGER: Nationen melder 28. september om ein kraftig prisvekst på gardsbruk i løpet av dei siste ti åra.

Publisert: 12.okt.2017 06:00
Oppdatert: 11.okt.2017 13:19

Ifølge Statistisk sentralbyrå har den gjennomsnittlege prisen auka med 93 prosent, frå 1,3 millionar i 2006 til 2,5 millionar kroner i 2016. Det er og store sprik mellom fylka. Prisveksten på einebustader har til samanlikning auka med 57 prosent i same periode.

Årsaka er at politikarane stadig svekker regelverket for kjøp og sal av landbrukseigendommar. Dagens lovverk skal sikre at gardsbruka våre har fast busetjing og at jorda er i drift, men er stadig under press. Så seint som i juni vedtok eit fleirtal på Stortinget, beståande av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, å endre konsesjonslova og auke arealgrensene for når ein må søke konsesjon frå 25 til 35 mål.

Det betyr i praksis at om lag 13.000 fleire landbrukseigendommar kan seljast utan buplikt eller odel. Mange gardsbruk over heile landet, og særleg i distrikta, blir del av same eigendomsmarknad som fritidsbustader. Men gardsbruka våre skal produsere mat, ikkje bare vere trivelege feriehus.

Ifølge eigendomsmeklarane er det ei aukande interesse for å bu på landet. Kven blir dei nye eigarane om prisane fortset å skyte i været? Blir unge agronomspirer som vil dyrke mat, eller eldre folk som har godt med pengar og ønsker feriehus?

Statistikken viser og at det er fleire kvinner som overtar mindre bruk enn større bruk. Skal ein satse på jamstilling treng ein dei små bruka. Stortinget har mange gonger, seinast i behandlinga av jordburksmeldinga i vår, lagt vekt på kor viktig det er med rekruttering både av unge og kvinner. Det nye Stortinget må gjere fagre ord om til handling og hindre ytterlegare uthòling av konsesjonslova.

Gaute Eiterjord, prosjektleiar i Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

Tora Voll Dombu, leiar i Norges Bygdeungdomslag

 
Telefon: 63 92 27 00 // Tips oss: Skjema »
Ansvarlig redaktør (konst.):Vegard Storbråten Øye »
EUB har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
EUB bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
 
Løsningen er designet og utviklet av Hamar Media – www.hamarmedia.no